Kle og sko kjem til nye eigarar

Med kle i lasterommet

I påska tek Morten Storøy fatt på enda ein tur til Latvia, det blir den 7. turen hans.

Synnøve Slyngstad og Morten Storøy med noko av lasten som skal til Latvia.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Baltikumhjelpa samlar inn kle og sko i nærområdet, Sykkylven, Stranda i tillegg til Herøyområdet. På Stranda er det Synnøve Slyngstad som koordinerer det heile.

– Folk leverer anten på butikkar eller til og med heime hos meg, seier Slyngstad.

Ho og mannen Oddvar, har hjelpt menneske i Baltikum på den her måten sidan 1989. Storøy var med mor si til Baltikum som trettenåring når ho køyrde ein fullstappa buss med kle som naudhjelp.

– Det gjorde sterkt inntrykk på meg, og det heng framleis i, seier Storøy. Det gjer godt å kunne hjelpe til, legg han til.

På Stranda er han no og hentar det Slyngstad har samla inn og som han tek med seg til Herøy og resten av det han og ei medhjelpar har samla inn. Storøy har eit lager der han pakkar ut, sorterar og pakkar ned igjen, tilpassa den av dei tre mottakarane som tek imot det han kjem med. Dei tre er ein aldersheim, ein internatskule og ein liten organisasjon som hjelper vanskelegstilte menneske i Latvia.

Tredje påskedag tek han fatt på ein ny tur til Latvia, den andre i 2019, ein tur på om lag 270 mil tur/retur. Reiseruta er frå Herøy til Nynäshamn og ferje over til Ventspils i Latvia. Med seg i lasterommet har han om lag 1500 kg kle og sko til utdeling. Baltikumhjelpa arbeider frivillig og turane er finansiert gjennom pengegåver.