Vart heidra

Framifrå levering - i 15 år

Nyhende

Sunnylvingane Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad mottok onsdag ettermiddag sølvtina frå Tine.

Det betyr at dei har levert framifrå mjølk - såkalt "elitemjølk" - kvar einaste dag i femten år.

For å illustrere: Det er nesten 5.500 dagar med god fjøsdrift, og å få nemninga "elitemjølk" er den høgaste kvalitetsmerket norske bønder kan få for mjølka si.

- Den beste mjølka blir karakterisert som "elitemjølk". Mjølka blir mellom anna analysert for celletal som fortel om jurhelse, bakterienivå som fortel om hygienisk standard og frie fettsyrer som fortel om smaken på mjølka, fortel Tine i ei pressemelding.

Sølvtina vart delt ut til Bjørdal og Kjellstad på Tine sitt årsmøte onsdag kveld i Lillestrøm.

- Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinn norsk mjølkeproduksjon har i konkurransen med utanlandske aktørar. I løpet av dei siste åra har mengda elitemjølk auka jamnt. Det betyr at norske forbrukarar får mjølk i verdsklasse, seier styreleiar i Tine Trond Reierstad i pressemeldinga.

Sølvtina vart òg i 2017 tildelt sunnylvingar for framifrå levering av mjølk - då var det Solfrid og Ivar Frøysadal som fekk utmerkinga.