DNB avsluttar bankavtale med Posten

Nyhende

DNB avsluttar avtalen om å levere banktenester gjennom Posten og Post i Butikk. Posten arbeider med å få på plass ein ny bankavtale.

Postens bankavtale med DNB, som går ut 31.12.2019, har vore til ordinær reforhandling. DNB har ønskt å få med resten av det norske bankfellesskapet på Post i Butikk-løysinga utan at dette har ført fram. I mangel av ei felles bankløysing har DNB valt å la avtalen med Posten gå ut, melder Posten.

Heilt sidan 1950 har Posten hatt banktenester gjennom ekspedisjonsnettet sitt. Dagens avtale med DNB vart inngått i 2013.

– Vi synest det er synd at det ikkje har vore mogleg å få til ein ny avtale om banktenester i postnettet. Vi vil saman med DNB jobbe for å finne gode overgangsløysingar, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg.

DNB og Posten tar sikte på at endeleg avslutning av avtalen vil skje i 2020.

Posten har i dag plikt til å tilby grunnleggande banktenester gjennom landposttenesta. DNB har sagt opp denne avtalen også.

– Vi tar denne forpliktinga svært alvorleg og vil i samarbeid med styresmaktene jobbe for å finne ei vidare løysing for banktenester gjennom landpostnettet, seier Eckhoff.

Postbanken vart fusjonert med DNB ASE i 1999. Samtidig vart det inngått samarbeidsavtale med Posten Noreg. Posten har seinare inngått nye avtalar med DNB etter konkurranseutsetting av tilbodet i 2005 og seinast i 2013.