Stor skogbrannfare

Illustrasjonsfoto  Foto: Colourbox

Nyhende

Stranda kommune melder på sine nettsider om stor skogbrannfare på Indre Sunnmøre.

Målepunktet på Linge i Norddal viser måndag ein skogbranninndeks på 167 og den ligg and til å stige ytterlegare i tida som kjem. Skogbranninndeks over 60 er definert som «stor skogbrannfare». Brannsjef Inge Teigen ber om at alle utviser stor varsemd ved bruk av open eld.

Bålforbod

Det generelle forbodet mot bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark gjeld frå 15. april til 15. september. Forbodet gjeld ikkje der det openbert ikkje er fare for at eld kan spreie seg, til dømes i høgda der det er snø.

Med open eld meinast til dømes bål, eingongsgrill, bålpanner og alt anna som skapar gnistar som kan spreiast til terrenget.

Skogdrift

Kommunen melder også at i forbindelse med skogdrift må stor varsemd utvisast. Skogdriftsaktørar må fortløpande vurdere om situasjonen tillèt drift og bruk av kjetting. Dette følgjer av aktsemdkravet i lov og forskrift om brann.

Skogbrannindeksen finn du her.