Med teft for springing

Mange timar i fjellet

Jonas Hesthaug frå Eidsdalen spring mange timar i fjellet og nyleg tok han imot TEFT-stipend for å kunne bruke meir tid på konkurransar.

Jonas på Flosteinnibba, Stranda  Foto: Martin André Kristoffersen

Nyhende

Jonas er ein engasjert ung mann når han snakkar om fjelløp, ein sport der kilometerane er mange og høgdemeterane fleire. Han har deltatt både i Hamperokken Skyrace, Hornindal Rundt, og Stranda Fjord Trail Race fleire gangar.