Hjartemarsj på søndag

Hjartemarsj frå Framhus til Lomsplassen.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Stranda helselag oppmodar store og små strandarar til å delta på Hjartemarsjen søndag.

– Om du er liten eller stor, deltek i gågrupper eller ikkje: Bli med oss til Lomsplassen på hjartemarsjen, er oppmodinga frå Helselaget.

– Ballongar og quizz-spørsmål heng langs turstia, så det blir ikkje berre trim for føtene, lovar Magnhild Øye i Helselaget.

På Lomsplassen blir det frukt og grønt å få, og det er rikeleg høve til å skrive seg inn i turposten som òg er å finne på staden.

– Å gå gjer godt for både helsa og humøret, og gir sosialt fellesskap, poengterer Øye.

I følge vêrmeldinga, ser det søndag ut til å bli godt vêr - så her er det berre å finne fram turskoa.