Hyttefelt versus beiteområde

Nyhende

Beiteområdet som blir foreslege gjort om til Lien hyttegrend, ligg i dag som ein oase mellom granfelt. Her har det vore beiting i uminnelege tider, noko dei mange stort sett horisontale og terrengtilpassa råsene vitnar om. Der finst ei og anna gamal fure innimellom den dominante bjørkeskogen. I desse sit ofte orrfuglen og buldrar, etter å ha gjort frå seg spelet på myra. Det er nesten kviasamt å sette dette på papiret, då denne og rypa framleis er lovleg jaktvilt, og begge artane er nesten fast å treffe på i den øvre to tredjedelen av feltet. Heldigvis er det langt mellom jegerar som jaktar på dei trua artane. Tilmed tiuren var observert med eit tilhald litt ovanfor Liamyrvegen for ei åtte–ti år sidan. Så kom han vekk etter bygging av ein skogsveg («veg 1»), men var i vinter på ny sett i området.