Mista lappen for fart

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melder på Twitter at dei har hatt fartskontroll på FV60 i Velledalen onsdag ettermiddag.

Resultatet av laserkontroll i Velledalen vart eit førarkort som vart kverrsett grunna fart. Bilisten vart målt til å køyre 89 kilometer i timen i sekstisona på staden.