Liabygdar blir del av Toppidrettsatsing

  Foto: Arkivfoto Trond Lindseth

Nyhende

Skiforbundet har no inkludert seks nye skihopparar i forbundet si Toppidrettssatsing i hopp for sesongen 2019/2020.

Blant hopperane: Rishi Sæther frå Liabygda.

- Alle dei nye er spanande utøvarar som har vist både gode prestasjonar og eit bra potensial. Dei vil styrke treningsgruppene dei blir ein del av, og bidra til auka kvalitet i det daglege arbeidet. Det er alltid spanande med nye og unge utøvarar, og vi voner dei kan vere med å "pushe" dei allereie etablerte hoperane, seier Andreas Vilberg som er ny hovudtrenar for Toppidrettssatsinga i ei pressemelding.

Han legg til:

- Vi ønsker å utvikle utøvarar som er best mogeleg budd for neste nivå i karriera. I tillegg voner vi sjølvsagt at nokre av dei skal ta steg heilt opp i verdscuplaget, seier han.