Krav om hydrogendriven turistferje i Geiranger

Geiranger i sikte. arkivfoto: stine akeren bjørdal  Foto: Stine Bjørdal

Nyhende

Hydrogendrift bør vera ein føresetnad for ein ny ferjekonsesjon for sambandet Hellesylt-Geiranger, meiner sentrale aktørar.

Frå 2022 blir det ny ferjekonsesjon på sambandet. Både blant representantar frå energiselskapa, skipsindustrien og Sunnmøre regionråd er det semje om at den nye konsesjonen bør stilla krav om ferja på sambandet må gå på hydrogen, fortel NRK.

Ifylgje kanalen håpar fylkeskommunen å behandla saka etter sommarferien og lysa ut konsesjonen innan utgangen av året.

Stortinget har tidlegare vedteke at verdsarvfjordane Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden skal vera utsleppsfrie innan 2026.