Nytt tilbod hjå biblioteka i fylket

Skiper til litterære pusterom

Illustrasjonsfoto: Colourbox 

Nyhende

Sparebankstiftinga SMN har gitt tre millionar kroner til eit fellesprosjekt mellom Møre og Romsdal og Trøndelag fylkesbibliotek.

Prosjektet heiter "Litterære pusterom - shared reading for større livskvalitet", skriv fylket i ei pressemelding.

- Vi trur at "Shared reading" vil engasjere. Målet er at metoda skal føre til meir lesing, meir leseglede og auka livskvalitet, seier Åshild Widerøe som er prosjektleiar.

Metoda er her ganske enkel, og går ut på å lese ein skjønnlitterær tekst i ei gruppe for så å ha ein samtale om teksten etterpå.

Ein leseleiar styrer gruppa - først les gruppa ei novelle, så eit dikt.

- Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringe inn ulike perspektiv og opplevingar av teksten, så lesarane utvidar opplevinga for kvarandre. Lesarane les for å bli klokare på seg sjølve, og kvarandre, seier Widerøe.

Ho har stor tru nyvinninga, og no er planen å utdanne leseleiarar som kan leie dei litterære pusteromma på bibliotek, institusjonar og lågterskel-møteplassar.

- Vi trur at vi med dette skal nå ut til eit mangfald av deltakarar, inkludert folk som ikkje har lese mykje frå før. No treng vi mange dedikerte leseleiarar, som får opplæring og rettleiing av oss, seier Widerøe.

Målet er at samtlege kommunar i båe fylke skal tilby Litterære pusterom i løpet av prosjektperioda, og på sikt at det blir eit varig tilbod over heile landet.