Diskuterte framtida

Folkemøte arealplan

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Om lag 20 frammøtte på Sunnylven Samfunnshus fekk eit innblikk i omfanget av arbeidet med arealdel i kommunen.

Ordførar Jan Ove Tryggestad innleia og ønska velkomen til dei frammøtte. Saman med seg hadde han Marit Larssen, samfunnsplanleggar i Ose AS, Gitte Langlo i ART arkitekter og ingeniører, og Andreas Standal Eikrem, planleggar i Stranda kommune. Dei informerte om sine roller i arbeidet med arealdelen og viktigheita av ein slik plan, som også er lovfesta.

Dei som var til stades fekk fram sine synspunkt i gruppearbeid der tema som bustadområde, grøntanlegg og samlingsplassar var nokre av dei tema som det vart diskutert, nedskrive og nedteikna synspunkt om. Alt saman vart samla inn og tatt med i prosessen vidare. I tillegg til dei frammøtte har dei som ikkje var til stades moglegheit til å komme med sine synspunkt gjennom skriftlege innspel med arealet teikna inn på kart.

Det var også tid for open runde mot slutten av møtet der tematikken rundt byggerestriksjonar vart eit sentralt tema. Både ordførar og Larssen frå Ose oppmoda om å utfordre styresmaktene i innspela frå publikum. Frå salen kom ønske om å arbeide mot å bli kvitt alle restriksjonar.