Mobildekning på Trollstigen

  Foto: Jarle Wæhler/Statens Vegvesen

Nyhende

No vert mobildekninga i og rundt Trollstigen forbetra.

I fjor utlyste Statens vegvesen eit anbod om å byggje ut mobildekninga frå Trollstigplatået mot Langedalen i Møre og Romsdal. Telia vann anbodet og tek sikte på å at nettet er oppe frå 2020.

– Regjeringa sørgjer no for utbygging av dekning for tale og 4G i eit område det tusenvis av turistar ferdast om sommaren. Naudnettet vil også fungere på same nettet, noko som vil vere med å auke beredskapen på strekninga. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit bidreg med tilskot til utbygginga, i tillegg til det Telia går inn med sjølv, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.