Leitar etter fortida

Funn frå bronsealderen

På markane i Langlovegen driv ei gravemaskin og grev ut matjorda og under matjorda er det gjort interessante funn.

Arkeologiske utgravingar: Søren Diinhoff, frå Universitetsmuseet i Bergen, finn både spørsmål og svar i steinhaugen på Langlo. Funna som er gjort er datert til mellom 2500 og 4000 år gamle. Kva dei har funne har dei foreløpig ikkje konkludert med. Foto: Eivind Louis Helset  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det går føre seg to arkeologiske utgravingar på Langlo for tida. Møre og Romsdal Fylkeskommune har den eine utgravinga som er i forbindelse med Detaljregulering del av Langlo II, og Universitetsmuseet i Bergen som søker etter spor av busetnad og dyrking frå jernalderen. Denne utgravinga er knytt til planlagd gangveg. Møre og Romsdal fylkeskommune får inn om lag 1300 plan og bygningssaker dei handsamar. Utifrå landskapstype og tidlegare funn m.m. blir det avgjort om det blir gjort undersøkingar av området for å sjå etter interessante funn. Fylkeskommunen undersøkte området på Langlo i forfjor.