Konkurrerte om å bli beste bedrift

Fotballcup for bedrifter

PÅ Hjellehøla stadion var det duka for bedriftscup i fotball med Framhus Fotballklubb som arrangør.

Frå finalekampen mellom Gunnar Aal transport og Stranda kommune.  Foto: Eivind Louis Helset

Vinnerane av FFK Bedriftscup 2019; Gunnar Aal transport. Bak frå venstre: Asbjørn Lyngstad, Knut Erik Aal, Robert Norangshol, Magnus Aal Løvlid(C), Ola Meel Slettebakk. Framme frå venstre: Jacob Sønderland, Mathias Fivelstad, Mats Aal Løvlid  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

På ei nyklipt grasbane var det klart for 6 intensive timar med fotball på Framhus då 12 bedrifter barka saman om å bli Stranda si beste bedrift i fotball. I 2 puljar med 6 lag kvar spela laga fyrst 5 innleiande kampar. Intensive kampar på 8 minutt gjekk raskt unna med mange sjansar, og god underhaldning for publikum. Etter den innleiande runden var over var det duka for straffesparkkonkurranse for å fastesette endeleg plassering på laga.