Skyttarstemne langs elva Orkla

Gode resultat i skyting

Langs elva Orkla finn ein skyttarlaga Rennebu, Orkla, Kvikne, Sunndal og Opdal og Midtbygden. I helga arrangerte dei til saman Tour de Orkla.

Skyttarfamilie: Brørne (f.v.) Isak Elias, Kristian Andre og Ørjan var alle med på Tour de Orkla i helga og kom på pallen alle tre i sine respektive klasser.  Foto: Privat

Nyhende

Blant 250 skyttarar på kvart stemne var familien Hauge frå Sunnylven skyttarlag godt representerte høgt oppe på resultatlistene. I dei yngre klassene var dei 3 beste stemna teljande samanlagt for premiering.

Bronsemedalje.

Det vart bronsemedalje for Ørjan Frøysadal Hauge i klasse rekrutt. Med poengsummane 348, 347 og 340 poeng vart det høvesvis 3.-plass i Sunndal, 2.-plass i Rennebu og siger i Orkla. Ørjan kunne notere seg for 66 innertreff.

Sølvmedalje

I klasse eldre rekrutt var det knallhard kamp om fyrste plass. Isak Elias Frøysadal Hauge måtte sjå seg slått på målstreken med færre sentrumstreff enn vinnaren Tobias Raaen. Ørjan hadde 83 teljande sentrumstreff og fekk med det sølvmedalje samanlagt, og ein 1.-plass i Opdal og Midtbygden som beste enkeltresultat.

Gullmedalje

Storebror Kristian Andre la til sides problema han tidlegare i sesongen har hatt med å oppnå gode resultat i klasse junior. I Sunndal og på Kvikne vart det 2.-plass på begge stemna, medan på Rennebu, Orkla og Opdal vart det siger i alle tre stemna. Resultata 350, 349 og 349 vart det like godt siger, 2 poeng føre dei neste på resultatlista.

Dag Andre Hauge enda på 23.-plass i klasse 5 der 341 poeng var beste teljande resultat.

Skyting i Nordfjord

Det var skyttarstemne i Nordfjord også i helga. Sunnylven skyttarlag deltok også der då Eidsbygda, Haugen og Stryn inviterte til stemne.

I klasse 3–5 skaut Ivar Fivelstad 344 poeng på stemnet på Haugen og enda med det på 2.-plass der. Kjell Oddvar Frøysa kom på 2.-plass i Stryn med 343 poeng og Ola Vangen tok med 341 poeng på Haugen ein 8.-plass.

I klasse veteran hadde Oddmund Fivelstad sitt beste resultat då han skaut 343 poeng i Eidsbygda.