John Vonli blir ny dagleg leiar i The Fjords

John Vonli byrjar som dagleg leiar i The Fjords 1. september. Foto: Visit Flåm / Morten Rakke  Foto: Morten Rakke

Nyhende

Styret i reiselivsselskapet The Fjords har tilsett John Vonli som dagleg leiar.

Vonli kjem frå stillinga som administrerande direktør i industri- og eksportbedrifta Alloc i Lyngdal på Sørlandet, og har over 25 år med leiarerfaring på mellom- og toppnivå, melder The Fjords. Han byrjar som dagleg leiar 1. september.

The Fjords driv turistferjer på Nærøyfjorden, Hjørundfjorden, Geirangerfjorden, Sognefjorden og Lysefjorden.

Etter 40 prosent vekst i selskapet frå 2015 til 2017, hadde The Fjords i fjor utfordringar knytt til etablering av nye ruter, manglande vekst i omsetning og svekt lønnsemd. Det skremmer ikkje Vonli.

– Eg ser fram til å ta fatt på jobben som dagleg leiar over sommaren. Selskapet har solide og langsiktige eigarar og dedikerte medarbeidarar som eg gler meg til å bli kjent med, seier han.

The Fjords er eigd av reiarlaget Fjord 1 og reiselivsselskapet Flåm AS.