Trafikk-kontroll i Strandadalen

Stogga særs fartfylt ferd

Nyhende

Utrykkingspolitiet i sivil stogga torsdag ettermiddag ein særs fartsfylt ferd gjennom Strandadalen på FV60.

Ein bilførar vart målt til 166 kilometer i timen i 80-sona, noko som kvalifiserer til kverrsett førarkort i mellom 25 til 30 månadar samt fengsel utan vilkår.

Bilen var etter det Sunnmøringen kunne observere norskregistrert, og køyreturen tok slutt på Helstad.