Stranda G16 i Norway cup

Tapte straffekonkurranse

Nyhende

Tapre Stranda-spelarar rauk ut av Norway Cup etter ekstraomgangar og straffekonkurranse. Ved full tid var stillinga 2-2. Etter 2x5 minutt ekstraomgangar, som var mållause, vart det straffekonkurranse på Ekebergsletta onsdagskvelden.

Der var Skjervøy best og sette sine fire første straffespark. Stranda scora berre på eit av sine og dermed var Norway Cup-eventyret ute denne gong.

I sjølve kampen, overført på SMP-tv, var prega av ei ujamn grasbane.  Stranda tok leiinga etter 15 minutt. Jonas Hjelle var både god og frekk då han stakk mellom forsvarar og keeper og trilla ballen i mål. Skjervøy utlikna fire minutt seinare. Og kort tid etter gjekk dei opp til 2-1.

Stranda utlikna 10 minutt før slutt då Magnus Aal Løvlid sette inn ballen etter eit innlegg.

Resten av kampen var jamn. Sjølv etter ekstraomgangar var det umogeleg å skille laga. I straffekonkurransen var Skjervøy best.

-Det handlar litt om stang inn-stang ut. Vi hadde kamp tidlegare på dag, det hadde ikkje Skjervøy. Laget gjorde sitt beste. Når skuffelsen legg seg vil eg tru at spelarane føler at det har vore kjekt. Får håpe at alle vil vere med i haustsesongen. Gutane synte i alle fall at dei greidde omstillinga frå 11’ar fotball til 7’ar, oppsummerar Sindre Hjelle, trenar for Stranda G16.