Må lyse ut stilling på nytt

Prestemangel

Framleis ikkje tilsett prest i fleire av sokna i Stranda kommune.

Stranda kyrkje: Etter andre gangs utlysing står stillinga som sokneprest i Stranda og Sunnylven framleis tom.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Frå 1. januar 2020 er Nordre Sunnmøre og Austre Sunnmøre prosti slått saman til Nordre Sunnmøre prosti. Storfjorden Kyrkjelege fellesråd strekk seg over sokna Skodje, Ørskog, Norddal, Stordal, Liabygda, Stranda, Sunnylven og Geiranger. Frå nyttår er ikkje lenger Sunnylven og Geiranger eit prestegjeld slik det har vore i over 150 år. Geiranger sokn og Norddal sokn blir eit tenesteområde og på same måte blir Sunnylven sokn i same tenesteområde som Stranda sokn. Det er mest praktiske grunnar til endringane spesielt med tanke på at geografien i tenesteområda no gir enklare reiser.