Alle gode ting er tre

Har skrive bok om trygge toppturar: Erlend Sande på topptur i Kåfjord.  Foto: Espen Nordahl

Nyhende

Skiboka "Trygge toppturer" er nominert til gjev pris.

Safer Ski Touring in Norway er basert på boka Trygge toppturer. Forfattarane Erlend Sande og Espen Nordahl er ekspertar på toppturar og har saman gitt ut fleire bøker om temaet. No er boka nominert og kan vinne prisen for beste guidebok på Banff mountain Festival. Forfattarane har vore nominert til prisen også tidlegare.

– Uansett om vi vinn eller ikkje, er ein nominasjon ein fin anerkjenning for det arbeidet vi gjer. Det er tredje gang vi er nominert, så eg skal ikkje legge skjul på at eg synest vi fortener ein seier no, seier Erlend Sande.

Turar frå heile Noreg

Turane i boka er samla frå heile Noreg og for Sunnmøre sin del er det Stig J. Helset si Toppturar på Sunnmøre innhaldet er henta frå. Auskjeret og Blæja er nokre av turane i vår region som er med i Trygge toppturer.

Espen Norddahl er mannen bak ideen til boka, som gir tips til turar du kan gå utan å vere eksponert for skredfarleg terreng.