Førehandsrøystene: Flest røyster til SP

Nyhende

Førehandsrøystinga for Stranda viser at Senterpartiet har fått flest røyster, med 39, 3 prosent. Dette er ti mandat i kommunestyret. I inneverande periode har SP hatt elleve mandat i kommunestyret.

På plass nummer to er Framstegspartiet, med 26, 8 prosent. Dette er sju mandat i kommunestyret. I inneverande periode har FRP hatt fem mandat i kommunestyret.

Miljøpartiet Dei Grøne er i følge førehandsrøystinga inne i kommunestyret med eitt mandat, og 4, 9 prosent av røystene. MDG stiller liste for første gong i Stranda.

Arbeidarpartiet får 12, 2 prosent av førehandsrøystene, noko som gir tre mandat i kommunestyret. Dette er uendra frå inneverande periode.

Høgre får 10, 1 prosent av førehandsrøystene, to mandat i kommunestyret. Dette er ned eitt mandat frå inneverande periode.

Kristeleg Folkeparti får 6, 6 prosent av førehandsrøystene, to mandat i kommunestyret. Dette er uendra frå inneverande periode.

Om tendensen held seg til endeleg valresultat, vil SP Stranda kommune ha mista eitt mandat i kommunestyret frå kommunevalet 2015. Framstegspartiet har gått fram med to mandat.

Venstre har i inneverande periode vore inne med eitt mandat i kommunestyret - til kommunevalet i 2019 stiller ikkje partiet liste på Stranda.

Men: Dette resultatet er altså mellombels.