Saksinnstilling frå rådmannen

Går inn for samanslåing av NAV

Nyhende

Rådmannen tilrår i ei saksinnstilling til Eldrerådet inn for samanslåing av NAV-kontora i Stranda og Sykkylven.

Samanslåinga vil trå i kraft frå 1. mars neste år, med samlokalisering av kontora innan 1. desember neste år. Sykkylven er innstilt som vertskommune.

- Den viktigaste grunnen for eit felles kontor er å sikre best moglege NAV-tenester for brukarane i kommunane Stranda og Sykkylven, skriv rådmannen.

Ei arbeidsgruppe med medlemmar frå båe kommunane har sett på moglegheitene for felles oppgåveløysing og moglegheit for kontorløysing for kontora, og tilrår samanslåing - i tråd med saksinnstillinga frå rådmannen.

Arbeidsgruppa har vore delt i synet på plassering av eventuelt samanslått kontor, for Stranda er argumentet omsynet til geografi og næringsliv. Det blir kortast veg for dei som bur i utkantane om kontoret blir på Stranda. Argumentet for å leggje kontoret i Sykkylven er brukarperspektivet - det er fleire brukarar i Sykkylven enn på Stranda.

Sykkylven og Stranda vil bli dei minste kontora på Sunnmøre om dei skal stå kvar for seg. Ved ferieavvikling er kontoret i Stranda på minimumsbemanning - ved sjukdom i tillegg, risikerer ein at kontoret må stenge, skriv rådmannen.

- Å stå åleine medfører at kvart kontor blir lite og sårbart med tanke på bemanning, kompetanse/fagmiljø og å levere gode nok tenester til dei brukarane som treng mest bistand frå det lokale NAV-kontoret, skriv rådmannen vidare.

Igjen har kommunen ei utfordring med å få rekruttert kompetanse, som òg er tilfellet på andre fagområde i kommunen.

Bakgrunnen for at saksinnstillinga no kjem frå rådmannen, er Stortingsmelding 33 (2015-2016). Der blir det peikt på behovet for større og meir robuste kontor og fagmiljø. På Sunnmøre har det i fleire år vore omstillingar i NAV-sektoren, og med dette færre og større kontor. Eitt døme er samanslåinga mellom NAV i Volda og Ørsta.

Endeleg vedtak i denne saka er det kommunestyret som skal gjere - både i Stranda og i Sykkylven.