Opnar opp for hydrogen

Lyser ut ferjeløyve

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal vedtok å lyse ut nytt ferjeløyve på verdsarvfjorden.

Hydrogen: Også i år har bilferja Bolsøy traffikert ferjestrekninga Geiranger – Hellesylt. Om nokre år kan den bli avløyst av ei ferje som brukar hydrogen som energiberar.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Ruteløyvet for drift av ferjestrekninga Geiranger – Hellesylt vart i 2015 tildelt The Fjords og det går til utgangen av mars 2022. No har samferdselsutvalet fatta vedtak og gir fylkesrådmannen mynde til å tildele naudsynt løyve til den som ut frå konkurransekriteria gir det beste tilbodet.