Opnar kunstutstilling i ettermiddag

Med naturen som palett

Nyhende

I ettermiddag torsdag opnar utstillinga til Margrete Ringdal til Kalvehagen i Storfjord kulturhus. Utstillinga er i samband med at kulturhuset i år feirar sine første 20 år, og Ringdal sine bilete har naturleg plass i kulturhuset.

Kjenner kulturhuset

Ringdal underviste på kulturskulen i biletfag i mange år, og kjenner difor kulturhuset godt.

Teknikkane ho brukar er olje og akvarell, men også teikning og tusj.

– Eg byrja å måle på 1990-talet, men oppdaga kunsten alt då eg var lita, fortel Ringdal.

Faren eit bilete som heitte «Vinternatt i Rondane» av Harald Solberg, noko som gav spira til eiga kunstinteresse og etter kvart eiga kunstnarskap.

Naturen er inspirasjonen

Ringdal tok kunstutdanning på Studieatelieret i Stavanger, Statens lærarskole i forming på Notodden, og har utdanning frå Statens Håndverk- og Kunstindustriskole i Oslo i tillegg.

– Naturen er er min store inspirasjon, fortel Ringdal om hennar kunstnarskap.

Eitt spesielt fjell står i særstilling for Ringdal.

– Skafjellet er den største inspirasjonen av dei alle, seier ho og utdjupar kvifor:

– Fjellveggane i skiftande lys, fjorden om kvelden med lyset frå ferja og langs land, seier Ringdal.

Ein skulle tru at di meir røynd ein blir, dess mindre tid treng ein bruke på kunstnarskapet.

Slik er det ikkje for Stranda-kunstnaren:

– Dess meir røynsle eg får, dess meir kritisk blir eg til kva eg produserer. Eg bruker lang tid på eit bilete, seier Ringdal.

Etablert kunstnar

Det er gjerne skyming og svinnande dagslys i hennar bilete. Detaljane blir ofte utelatne, og det er dei store formene som er det vesentlege.

– Eg vil seie at bileta mine har ei dragning mot naturen sin eiga mystikk, seier ho.

Ringdal var med å forma ut den kunstneriske delen av «Møbelstolen» som står på kaia i Stranda tettstad, og mønsteret i stolen er og ein inspirasjon frå Skafjellet.

Margrete Ringdal er ein etablert biletkunstnar som har atelier og galleri i Storgata i Stranda tettstad. Ho har hatt ei rekke separatutstillingar, og delteke i kollektivutstillingar, og har òg illustrert fleire bøker.

Kunstverk signert Ringdal er kjøpt inn av ulike institusjonar og skular.