"Handle lokalt" er mantraet før jul

Juletrimmen starter i dag

Randi Flydal og Mona Kjølås hjå Bjørnestien Frisør inviterar til juletrim, som handlar om å nytte lokale butikkar og servicetilbod før jul.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

Dette kan vere med å gi juleglede til den du er glad i, men og til lokalsamfunnet ditt.

Mona Kjølås
Nyhende

Dei fleste kjenner til fjelltrimmen.

I dag torsdag starter juletrimmen, i samband med langope i Stranda tettstad.

Kva det er?

Konseptet er enkelt: Bruk dei 21 butikkane og servicebedriftene i Stranda tettstad som deltek i juletrimmen fram til jul, og få stempel når du handlar lokalt.

Skjema får ein hjå deltakarstadene.

Alle kan vere med på juletrimmen, ung som gamal. Og nei, du treng ikkje vere strandar. Jårångarar, liabygdarar og sunnylvingane er hjarteleg velkomne til å delta.

– I år prøvar vi med eitt utval butikkar, og håpar på stor suksess og fleire butikkar neste år, seier Randi Flydal ved Bjørnestien frisør.

Ho og Mona Kjølås er primus motor i det nye konseptet, som blir testa ut for første gong i år..

Før jul vert det trekt vinnarar blant dei som deltek. Gåvekort og ei ekstra overrasking vankar til dei heldige.

Håpar at dei kan vere å skape ei hyggeleg juletradisjon og juleglede.

– Vi håper juletrimmen kan vere med å skape juletradisjonar og juleglede, seier Flydal og Kjølås.