FNs barnekonvensjon er 30 år

- Gratulerer med dagen, alle barn!

Nyhende

Onsdag 20. november 2019, er det 30 år sidan FNs barnekonvensjon blei einstemmig vedtatt av verdas leiarar på FNs generalforsamling

- GRATULERER MED DAGEN!

Visste du at FNs barnekonvensjon er overordna norsk lov?

20. november 1989 vedtok FNs generalforsamling «Erklæringen om barnets rettigheter», også kjent som Barnekonvensjonen. Grunntanken er at barn og unge sine retter skal bli ivaretatt. Til det treng vi eit rettsdokument som strekk seg ut over dei generelle menneskerettane.

Barns rettar i Noreg

• I 1981 fekk Noreg verdas første barneombud

• I 1991 fekk Noreg verdas første barneminister

• I 1991 ratifiserte Noreg barnekonvensjonen.

• I 2003 vart barnekonvensjonen ein del av norsk lov

• I 2019 vart det lovfesta at alle kommunar skal opprette eit ungdomsråd eller anna medvirkningsorgan for ungdom. (§5-12 ny kommunelov).

• I 2018 hadde alle fylka i landet oppretta eigne «mobbeombud».

Barns rettar etter barnekonvensjonen

Dei grunnleggande prinsippa i barnekonvensjonen er å beskytte, forsørge og legge til rette for medverknad for barn og unge, og inneheld tilsaman 42 artiklar om barn og unge sine rettar. Barnekonvensjonen er delt inn i fire hovudområde av rettigheitar

1. Barn har rett til liv og helse

2. Barn har rett til skolegang og utvikling

3. Barn har rett til omsorg og beskyttelse

4. Barn har rett til deltakelse og innflytelse

Eit godt døme er artikkel 3, 12 og 42, som lyder slik:

Artikkel 3: «Vaksne skal gjere det som er best for barn»

Artikkel 12: «Barn har rett til å seie meninga si, og den skal bli tatt på alvor»

Artikkel 42: « Staten skal passe på at både barn og vaksne veit om desse rettane»

Barnekonvensjonen i Møre og Romsdal

I vårt fylke er vi så heldig å ha 65 000 barn og ungdom, og dei er vår viktigaste ressurs! Dei fleste veks opp under gode oppvekstvilkår og får tenestene dei treng i kommunen sin, men vi veit og at nokon treng ekstra oppfølging for å ha det bra.

Fylkesmannen hadde i førre valperiode ein besøksrunde til alle kommunane i fylket, og bad spesielt om å få møte leiar/medlem av ungdomsrådet i den einskilde kommune. Alle ordførarane fekk Barnekonvensjonen i gåve, og vart bedt om å henge den opp slik at alle besøkande på rådhuset/kommunstyresalen, skulle bli minna på kva rettar barn og unge har i sin kommune og i sitt fylke. Dei fleste politiske vedtak er av ein slik karakter at det har innverknad på barn og unge. Det er derfor særleg viktig at alle kommunar har sin eigen barnerepresentant blant dei vaksne, som skal passe ekstra på barn og unge sine rettar.

FN sin barnekonvensjon er det viktigaste verktøyet vi har som kan hjelpe oss til å sjå heile barnet. Bruker vi Barnekonvensjonen aktivt og bevisst i arbeidet med å legge til rette for barnevennlege kommunar vil barn og unge i Møre og Romsdal få ein best mogleg oppvekst.

Involvering

At Barnekonvensjonen har 30 års jubileum i år kan derfor vere ei fin anledning til å sette ekstra fokus på nettopp dette. Vi oppmodar kommunane til i enda større grad å legge til rette for barn og unge i lokalsamfunnet. Ta derfor med både politikarar, fagavdelingar, ungdomsråd, elevråd og frivillige organisasjonar på ein idedugnad. Saman kan vi styrke arbeidet for og med barn og unge i kommunane – for vi vil jo gjerne at dei skal bli verande/ kome flyttande tilbake til Møre og Romsdal etter endt utdanning. Da betyr ein god oppvekst mykje!