Konsertklart i helga

Kjende songar i dur og moll

Med øving sida påske, er Kor Løye klar for laurdag. 

Kreditering: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Laurdag entrar igjen Kor Løye scena på kulturhuset, denne gongen med konsert - og juletema glimrer med sitt fråver.

Det gjer derimot ikkje mellom anna Queen og Whitney Houston, så litt åttitalsnostalgi for dei meir vaksne hjå oss blir det rom for. I år blir det fleire a capella-innslag enn tidlegare, altså songnummer framførde kun med vokal.

– Grunnen til at vi i år har fleire a capella-nummer, er for å gje oss sjølv litt utfordringar songmessig. Vi følte oss klare for fleire og andre utfordringar, seier korleiar Line Drege.

Gjestemusikarar

I tillegg til koret kan ein vente seg Jan Aksel Reed på trommer, Sondre Svorkås på bass, Daniel Dvergsdal på gitar og Stephanie Roux på piano.

Det blir òg gjesteinnslag - den mannlege motparten til Kor Løye, mannskoret Kor Nøye, har medlemmar som kjem for å bidra på enkelte bidrag.

Kor Løye er no 22 medlemmar, og det er plass til fleire:

– Om nokon har lyst å bli med i eit kor med god takhøgd, så skal vi ta i mot dei med opne armar, avsluttar Line Drege.