Kjende julesongar på programmet

Førjulskonsert

Det vert høg julefaktor i Storfjord kulturhus i kveld når Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen held konsert saman med Sykkylven janitsjarorkester.

Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen held julekonsert i Storfjord kulturhus i kveld. 

Bjørnar Myhr akkompagnerer under kveldens konsert 

Nyhende

Magne Fremmerlid frå Skodje har i 20 år vore tilsett som fast solist i operaen i Oslo. I kveld står han på scena saman med kona Charlotte Fongen frå Bærum. Ho er tilknytt Dissimilis og arbeider til dagleg i Tønsberg domkyrkje.

Ekteparet har i fleire år hatt med seg Bjørnar Myhr som akkompagnatør på sine konsertar. Også i kveld er han på plass på klaver.

Sykkylven janitsjarkorps har også tidlegare samarbeida med ekteparet Fremmerlid og Fongen fleire gongar. Dirigent for korpset er Jan Petter Frostad.

Variert program

Kjende og kjære julesongar står på programmet. Publikum er hjarteleg velkomne til å synge med.

Konserten er den fyrste i ei rekkje på tre konsertar på Stranda, Spjelkavik og Skodje, melder Storfjord Kulturhus i ei pressemelding.