Alle fjellovergangar mellom aust og vest stengde

Uvêr stenger ei rekke vegar

  Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

Nyhende

Uvêr, dårleg føre og rasfare førte fredag til store problem på fjellovergangane i Sør-Noreg. Alle fjellovergangar mellom aust og vest er stengde.

I 13-tida fredag var det klart at verken riksveg 15 over Strynefjellet, riksveg 13 over Vikafjellet, riksveg 7 over Hardangervidda, fylkesveg 50 Hol–Aurdal eller fylkesveg 53 Tyin–Årdal ville bli opna før tidlegast laurdag. I tillegg er riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, E134 over Haukelifjell, E6 over Dovrefjell og E16 over Filefjell stengde på ubestemt tid.

I Troms og Finnmark vart fleire strekningar opna igjen etter natta, men fredag formiddag skapte vêret framleis trafikkproblem.

Fylkesveg 8018 mellom Øksfjord og Myrnes var ein periode stengd på grunn av snøras fredag morgon, medan E69 mellom Skarsvåg og Nordkapp vart opna for kolonnekøyring.

Saltfjellet i Nordland var i natt delvis open for trafikk, deretter vart det kolonnekøyring.

Ferjer må innstille

Samtidig blir det meldt om fleire innstilte ferjesamband i fylket, mellom anna ruta frå Bodø til Moskenes. På Vestlandet er fleire ferjer innstilte.

Også Hurtigruten merkar det dårlege vêret langs kysten. Sunnmørsposten skriv at nordgåande hurtigrute Nordkapp ikkje tok sjansen på å legge til i Ålesund og derfor gjekk vidare til Molde fredag. Sørgåande hurtigrute Polarlys blir liggjande i Trondheim og droppar anløpa på Vestlandet.

– Det bles opp i 36 meter i sekundet då dei nærma seg Ålesund. Då er det ikkje berre-berre å få lagt eit stort skip trygt til kai, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til avisa.

Flaumisolerte

Også i Trøndelag skaper uvêret problem for trafikken. Fylkesveg 736 i Steinkjer er stengd ved Stranda inntil vidare på grunn av rasfare. Ferjesambandet på fylkesveg 6470 mellom Sula og Norddyrøya vart òg stengt på grunn av uvêret. Det same gjeld Djupfest–Tarva på fylkesveg 6734.

I Trøndelag er rundt 100 personar i dei to kommunane Overhalla og Høylandet isolerte etter at elva Namsen har gått over breiddene sine og stengt alt vegsamband. Rundt 80 husstandar er råka, skriv VG.

Uvêret skaper òg problem for den andre trafikken. På E6 ved Moholtlia i Trondheim vart nordgåande løp sperra fredag formiddag sidan fleire vogntog og lastebilar står fast. Politiet er på plass og pålegg sjåførane om å legge på kjetting. Politiet i Trøndelag tvitrar at etter kvart som vegen blir rydda, kjem det nye lastebilar som køyrer seg fast og blokkerer vegen på nytt.