Opnar klubbhuset

Inviterer til opning: Idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven held opningsfest i Hyttehola. Arkivfoto 

Nyhende

Sunnylven idrettslag og Sunnylven skyttarlag inviterer publikum til offisiell nyopning av Hyttehola neste helg.

I påska 2017 starta arbeidet med å rive det gamle klubbhuset. Arbeidet med oppføring av det nye klubbhuset, garasje for trakkemaskin og tidtakarbu har vore eit samarbeid mellom dei to laga gjort på dugnad.

Både vanleg Sunnylvscup, landsdelsmeisterskap i skiskyting og skytestemne er arrangert samtidig som prosjektet har halde fram. Klubbhuset rommar mellom anna garderobar og ein stor sal med tilhøyrande kjøkken. Begge laga har lagerplass til sine aktivitetar.

No er prosjektet ferdig og laga inviterer til hyggekveld med underhaldning, servering og kake.