Gult farevarsel på vind

Ruskevêr på veg

  Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel mellom anna grunna fare for sterke vindkast.

Vindkasta kan tysdag ettermiddag og kveld kome opp i 30 – 35 meter i sekundet, noko som svarar til orkan styrke.

Nær Stad er det venta opp mot 40 meter i sekundet.

Farevarselet frå Meteorologisk institutt gjeld Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre.

Det er samtidig venta mykje nedbør, og fare for torevêr. Det kan kome opp mot 50 til 80 millimeter nedbør på Vestlandet i løpet av eit døger, der den mest intense perioden er venta i kveld.

Det er samtidig seint ut gult farevarsel for jordskred. Høge temperaturar og mykje vind førar til stor snøsmelting, det gjeld òg for fjellet.