Skal du ut på tur ber Rovdata om at du tar med deg pose

Ber om biologisk materiale

Dei siste åra har jerv vore til stade og gjort innhogg i saueflokkane ute på beite i vårt distrikt.

Skal du ut på tur ber Rovdata om at du tar med deg pose og plukke opp biologisk materiale. 

Nyhende

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt overvakar mellom anna jerv. Bestanden blir overvaka gjennom å telje talet på kvalpekull som blir fødde kvart år. Statens naturoppsyn sjekkar både gamle og nye hiplassar på leiting etter kvalpekull frå februar og utover året. Rovdata oppfordrar no alle til å ha med seg reine plastposar på tur og plukke opp biologisk materiale. Eventuelle prøver skal leverast til Statens naturoppsyn lokalt.