Inviterer til folkemøte i Liabygda

RO-prosjektet: Øyvind Johnsen, prosjektleiar i RO-prosjektet, gav orientering til formannskapet måndag om framtidig dimensjonering av helse- og omsorgstenestene i Stranda kommune. Det er det komande kommunestyret som skal gjere avgjerd i saka.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Stranda kommune inviterer onsdag til folkemøte i Liabygda i samband med RO-prosjektet om framtidige helse- og omsorgstenester i Stranda kommune.

Ordføraren, rådmannen, kommunalsjef helse- og omsorg og prosjektleiar i RO Øyvind Johnsen vil delta i møtet som blir held på ungdomshuset onsdag ettermiddag.

- Vi arrangerte i fjor eit folkemøte for Stranda tettstad og Liabygda på kulturhuset. Det er komne eit ønske frå liabygdarane om at vi held møtet i bygda, og det tek vi omsyn til. Det er eit reint informasjonsmøte der vi gjennomgår konklusjonane i RO-rapporten, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til Sunnmøringen.