Solberg: Fylka sjølv ansvarlege for ferjeprisane

Nyhende

Erna Solberg blir kravd for svar på kva ho vil gjere med auka ferjeprisar som har skapt uro i fleire fylke. Ferjeprisane er ansvaret til fylka, ifølgje statsministeren.

– No kan Sunnmørsposten fortelje om at dagpendlarar må ut med 11.000 kroner meir i året for pendling mellom Aursnes og Magerholm, sa Arbeidarparti-nestleiar Hadia Tajik i Stortingets munnlege spørjetime onsdag.

– Kvifor vel statsministeren å føre ein politikk som gjer det dyrare for folk i distrikta å kome seg til og frå jobb? ville ho vite.

Solberg (H) viste til at regjeringa er opptatt av eit godt ferjetilbod.

– Ferjetakstar for fylkesferjer er eit ansvar for fylkeskommunane, sa ho.

Solberg viste til at regjeringa i 2018, i samband med omlegging til ein grønare ferjepark, sette av 100 millionar kroner meir til fylka på ferjer og endra kostnadsnøkkelen.

– Vi bidrog med meir pengar til ferjefylka. Det er nokre val som fylkespolitikarane gjer sjølv. Fylkeskommuneøkonomien har vore robust og god i alle desse åra, sa Solberg.

I Nordland vart det nyleg klart at dei nye ferjetakstane blir skrudde tilbake til 2019-nivå. Det skjer etter at ferjetakstane i fylket, som har 28 ferjesamband, ved nyttår auka med mellom 20 og 40 prosent.

Også i Møre og Romsdal, som saman med Nordland er det største ferjefylket i landet, vart prisane sette kraftig opp 1. januar.