Frå ambulansestasjon til avlastingsbustad

Den tidlegare ambulansestasjonen i Hevsdalsvegen.  Foto: Arkivfoto: Maria Nerhus

Nyhende

Fast utval for plansaker (PLA) handsamar torsdag søknad om dispensasjon frå kommunedelplan for Stranda sentrum.

Søknaden gjeld den tidlegare ambulansestasjonen i Hevsdalsvegen, som kommunestyret har vedteke skal vere avlastingsbustad og tilrettelagd SFO.

Kommunestyret vedtok i 2017 å opprette avlastingsbustader for barn og unge med særskilte behov.

Bygget har stått tomt i fleire år, og er vurdert godt eigna til føremålet. Bygget ligg i umiddelbar nærleik til både Strandahallen, Ringstad barnehage og ungdomsskulen.

Utfordringa er at den tidlegare ambulansestasjonen òg ligg langs sterkt trafikkerte FV60.

- Det er gang- og sykkelveg langs vegen, men barna må krysse vegen for å kome til skuleområdet på andre sida. Innkøyrsla til eigedommen gjer at vegen ikkje blir skjerma av gangvegen mot trafikken. Ein bør vurdere tiltak for å hindre at det er lett å springe ut i vegen, skriv Fylkesmannen i høyringsuttalen. Dei tilrår òg støyreduserande tiltak.

Trafikktryggingsomsyn er òg ei utfordring som Møre og Romsdal fylkeskommune peiker på.

Vurderinga frå Statens vegvesen, er at ein ventar med å gi dispensasjon til ein rullerer arealplanen. Arealplanen er akkurat ferdig med første høyringsrunde, så då blir det tidlegast om to år.

- Prekært

- Brukarane brukar i dag heller ueigna bustader medan ein venter på at bygget skal verte klart. Det er prekært for Stranda kommune å få avklara bruken, uavhengig av framdrifta til ny kommuneplan, skriv rådmannen i tilrådinga.

Det er vurdert frå kommunen at støytilhøva i bygget og for uteområde er tilstrekkeleg utgreidd, for trafikktilhøva blir det vist til at vaksne følger barna til og frå området. Difor tilrår Stranda kommune at ein gir dispensasjon frå trafikkformålet i gjeldande kommunedelplan.