Stopp på Strandafjellet

  Foto: Politiet

Nyhende

Føraren av eit vogntog hadde onsdag ettermiddag problem med å kome seg opp bakkane frå Stranda til Strandafjellet, melder politiet.

Vogntoget hadde dårlege dekk, noko føraren vart ilagt gebyr for.

Køyretøyet fekk muntleg køyreforbod fram til betre eigna dekk er framskaffa.