Formannskapet måndag

Ordføraren gjekk imot eiga tilråding

Rådmann Åse Elin Hole er framleis rådmann i Stranda kommune, fram til ei eventuell omgjering av stillingstittelen i kommunestyret onsdag. ARKIVFOTO  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

På sakskartet for formannskapet måndag sto endring av stillingstittel for den øvste administrative leiaren i Stranda kommune - Åse Elin Hole.

Saka gjaldt om rådmannen framover skal ha tittelen kommunedirektør, i tråd med ordlyden i ny kommunelov som vart vedteke av Stortinget i 2018. Ny kommunelov har vorte rulla ut stegvis i kommunane, og er no i full effekt.

Ordinært er det rådmannen som tilrår i alle saker til politiske utval, men i denne saka var rådmannen av openbare årsakar ugild. Det var difor ordføraren som tilrådde at rådmannen skulle få tittelen kommunedirektør.

Under formannskapsmøtet kom ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) med framlegg om at rådmannen framleis skal heite rådmann, og gjekk dermed imot si eiga tilråding i saka.

Formannskapet tilrår til kommunestyret samrøystes at rådmann Åse Elin Hole skal vere rådmann, og ikkje kommunedirektør. Saka skal handsamast i kommunestyremøte den 29. januar.