Berekraft, verdsarv og optimisme er stikkord

Søkjer kandidatar til pris

Norsk Fjordsenter ønsker innspel til Optimistprisen som skal delast ut under Grøn Fjordkonferansen i mars.

Tidlegare vinnar: Torunn Ljøen og Petter Melchior ved Melchiorgarden. Arkivfoto 

Nyhende

Optimistprisen går ikkje nødvendigvis til ein optimist, men kanskje heller til ein realist. Tidlegare vinnarar har vore hotellvertskap, vertskap og møbelprodusent. Sidan prisen vart stifta i samarbeid mellom Per Kleiva og Norsk Fjordsenter i Geiranger i 2003 har prisen vore delt ut fem gongar. Sist var det Hotel Union Geiranger som vart tildelt prisen. Etter at prisen låg brakk i nesten ti år tok Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv initiativ til igjen å dele ut prisen i 2013.

Berekraftig mot

Alle kan nominere gjennom eit skriftleg framlegg til verdsarvstiftinga. Krav til den nominerte er at personen, laget, organisasjonen eller bedrifta er tilknytt Storfjordregionen. Vedkomande må ha vist særskilt mot og optimisme eller handling i form av omstilling og tru på framtida.

Grunnleggande verdiar som klima- og miljøomsyn, berekraft og ivaretaking av natur- og kulturarv knytt til verdsarven blir lagt vekt på i utveljinga av prisvinnaren.

Juryen som plukkar ut vinnaren er sett saman av representantar frå indre bygdelag rundt Storfjorden.

Optimistprisen

Prisen er eit grafisk trykk av Per Kleiva, som var initiativtakar til Optimistprisen, samt eit diplom med grunngjevinga for tildelinga av prisen.