Føl med på fôringsplassen

Tid for å telje fuglane

For 13.ande gang er det tid for hagefuglteljing.

Blåmeis er ofte å finne på fôringsbrettet i hagane til folk.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Våre naboland Danmark, Finland og Sverige gjennomførte hagefuglteljing i fleire år før Noreg kom med i 2008. Talet på teljarar har auka frå år til år. Ein av grunnane til hagefuglteljinga som vert arrangert av Norsk Ornitologisk Forening i samarbeid med miljolare.no er å ha fokus på korleis samansetning av fugleartar blir påverka av klimaendringar. Informasjonen frå teljingane gir betre forståing for kvar og korleis småfuglane oppheld seg vinterstid i Norden.