Undersøking: Eit fleirtal er positive til turistskatt

Flydalsjuvet i Geiranger.   Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

I ei undersøking gjennomført av Opinion for Virke svarer 55 prosent at dei er positive til turistskatt, så lenge pengane går til å utvikle destinasjonen.

Samtidig svarer 20 prosent av dei spurde at dei er negative til turistskatt, ifølgje undersøkinga.

Eit fleirtal på Stortinget sa i 2017 nei til å opne for turistskatt, men den siste tida har både SV og Arbeidarpartiet snudd i saka, og KrF er på glid. Tysdag er det høyring i Stortinget i samband med eit representantforslag frå SV om utgreiing og innføring av skatten.

Undersøkinga til opinion er basert på 1.537 intervju i november og desember og må tolkast innanfor feilmarginar på mellom 1,1 og 2,5 prosent.