Feil på nesten annankvar tungbil

Halvparten med feil

I Noreg vart 77.000 tungbilar kontrollerte i fjor. Over 34.000 av desse kom med i feil statistikk.

Illustrasjonsfoto  Foto: vidar eliassen

Nyhende

Statens vegvesen fant feil manglar på 45 prosent av dei kontrollerte tungbilane. Meir enn ein fjerdedel fekk køyreforbod. Leiaren for utekontroll i Statens vegvesen, Kjetil Wigdel seier i ei pressemelding at jobben kontrollørane gjer er eit viktig bidrag til auka trafikksikkerheit for alle.

Køyreforbod

Ein av fire som vart stogga i kontroll vart pålagt køyreforbod fram til feilen eller mangelen vart retta opp.

– Dei som får køyreforbod for å ha hyller og jugl i frontruta som hindrar sikten til sjåføren, kan rette opp dette forholdsvis raskt. Det er verre med dei som har alvorlege tekniske feil eller som må bytte fleire dekk før dei får køyre vidare. Det er fleire tilfelle av at tungbilar må bergast til verkstad og reparerast der før dei får sleppe ut i trafikken igjen, seier Wigdel.

Sjåførane vart også kontrollert på køyre og kviletid og også her var brota mange. To av fem hadde manglar som var alvorlege nok til å bli påpeika. Av 13.000 sjåførar var det over 900 som vart pålagd å kvile på staden. Over 1.200 vart melde til politiet, seier Wigdel.

Møre og Romsdal

I vårt distrikt, Møre og Romsdal og Trøndelag vart 12.345 kontrollert og det var over 5.000 med feil og manglar. 43 prosent totalt, litt lågare enn landssnittet. 1.405 vart pålagt gebyr og 191 sjåførar vart meldt til politiet.

I kontrollar der vegvesenet såg på køyre- og kviletid vart 2.200 sjåførar kontrollert. Ein tredjedel av førarane hadde manglar, 141 fekk køyreforbod og 205 av sjåførane vart meldt til politiet.