Miniatyrstemne i Nordfjord

Nyhende

Sunnylven skyttarlag deltok i retura cup i Nordfjordeid. Nordbygda og Rand skyttarlag, Haugen skyttarlag og Olden skyttarlag arrangerte Retura cup i helga som var.

Medaljar

Ørjan Frøysadal Hauge tok gull og to andre plassar i klasse eldre rekrutt. Nora Sæterøy Høybakk frå Langevåg skyttarlag tok dei to andre gullmedaljane.

Junior

I juniorklassa tok Isak Frøysadal Hauge bronse i Olden og to sjette plassar dei to andre dagane. Bronse med poengsummen 249. Poengsummane 333 og 340 på Lote og Eid, gav to sjette plassar.

Senior

I klasse 3-5, vart det femte plass på Lote og i Olden, og fjortande plass for Kristian Andre Frøysadal Hauge. Han var best i klasse 4 i Olden.

Far til dei tre, Dag Andre tok sjette plass i klasse 3–5 i Olden. Med poengsummane 338 og 335, kom han høvesvis på syttande og tolvte plass i dei andre skytingane.