Sportsbil feirar i Geiranger

300 bilar er venta

Porsche Club Norge feirar 40 år i år, og feiringa er lagt til Geiranger i slutten av mai.

Porsche i vinterlandskap. I mai samlast 300 til feiring i Geiranger  Foto: Geir B Srisoi PCN avd. Sunnmøre

Nyhende

Det blir vanskeleg å unngå å få eit glimt av, eller å høyre motordur frå ei Porsche den helga. 300 sportsbilar av merket Porsche er venta til bygda. Det kjem både Porsche av nyare dato, elektriske utgåver og utgåver med veteranstatus.