Stor snøskredfare på heile Sunnmøre

Vegen til Geiranger opner klokka 1600 torsdag

Nyhende

FV63 mellom Eidsdal ved Indreeide og Geiranger opnar klokka 1600 torsdag ettermiddag, melder Vegvesenet på Twitter klokka 1323 torsdag.

Rasferja er sett opp mellom Geiranger og Hellesylt, og vil gå ut dagen torsdag etter vanleg rute.

Vegen mellom Homlung og Geiranger er òg stengd grunna rasfare.

FV63 mellom Eidsdal ved Indreeide og Geiranger vart stengd klokka 11 onsdag grunna snøskredfare, meldte Vegtrafikksentralen onsdag føremiddag. Dette gjeld all trafikk på strekninga.

Det er sett inn rasferje på strekninga Hellesylt-Geiranger.

Frå Hellesylt 0830, 1230, 1630 - ankomst Geiranger 0930, 1330, 1730.

Frå Geiranger 0930, 1330, 1730 - ankomst Hellesylt 1030, 1430, 1830.

FV655 Norangsdalen vart stengd i tysdag kveld klokka 2200 grunna snøskredfare - her opnar vegen klokka 1400 torsdag.

På RV15 Strynefjellet var det onsdag kolonnekøyring, vegen vart opna torsdag morgon.

Farevarselet frå varsom.no er torsdag på raudt nivå, noko som betyr stor fare for snøskred. Det blir sterkt frarådt å bevege seg i skredterreng, og det blir forventa sjølvutløyste skred.

Fredag går snøskredvarslet til oransje nivå, som er betydeleg fare for snøskred.