Raudt varsel for høg vasstand

"Elsa" kan gi 80 til 100 centimeter høgare vasstand

Nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut raudt varsel for høg vasstand natt til tysdag og tysdag ettermiddag.

– Det er venta ekstremt høg vasstand, estimert til 80 – 100 centimeter over høgda oppgitt i tidvatn-tabellen, skriv Meteorologisk institutt i farevarselet.

Det er sendt ut raudt farevarsel for strekninga Stadt i Vestland til Frøya i Trøndelag fylke.

Vasstanden er venta å vere på det høgaste kring klokka 23 til 02 natt til tysdag, og mellom klokka 11 og 14 tysdag ettermiddag.

Redningsleinga i Møre og Romsdal går no ut og åtvarar om at den høge vasstanden kan medføre at ferjene ikkje greier å leggje til.

– Dei som er avhengig av ferje for å nå tak i helsehjelp, bør difor ta kontakt med AMK-sentralen om dei fryktar dei kan få behov for akutt hjelp, seier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

– Om ein ventar for lenge med å ta kontakt, kan handlingsrommet til helsevesenet plutseleg bli for lite, understrekar Sætre.

Det blir oppmoda om at båteigarar sjekkar fortøyingane på båtane, og sikrar lause gjenstandar. Vidare bør ein gjere tiltak for å hindre vassinntrenging på eigedommar som ligg nært strandsona.