Stranda mållag

Målprisen 2020 til Stranda Energi

Administrerande direktør i Stranda Energi AS, Ola Raknes, tok imot Målprisen 2020 som vart delt ut av Stranda mållag ved leiar Anders Folkestad torsdag ettermiddag. 

Nyhende

Stranda mållag sin Målpris for 2020 går til Stranda Energi for gjennomført bruk av nynorsk i verksemda. Prisen vart delt ut på Stranda mållag sitt årsmøte torsdag ettermiddag.

- Den aktive målbruken markerer både den lokale forankringa og den lokale verdiskapinga, skriv styret i Stranda mållag i si grunngiving.

Det blir poengtert at Stranda Energi AS opererer i ein bransje der det er sterk konkurranse, og som er dominert av bokmål.

- Gjennom bruk av nynorsk gjer verksemda seg ekstra synleg, og byggjer gjennom målbruken ei truverdig merkevare, seier mållaget.

Målprisen blir gitt til verksemder og til lag og organisasjonar som fremjer innsats for og bruk av nynorsk. Juryen er styret i Stranda mållag.

Forpliktar

Administrerande direktør i Stranda Energi, Ola Raknes, tok imot prisen på vegner av verksemda.

- Vi vart gledeleg overraska over prisen. Lokal forankring er noko som er viktig for oss, og noko vi legg stor vekt på i marknadsføring og kommunikasjon, seier Raknes.

- Det er klart at det forpliktar litt ekstra å få Målprisen frå Stranda mållag, så vi kjem til å leggje ekstra vekt på å nytte nynorsk i vår kommunikasjon framover, seier han.

Prisen består av eit diplom, og leiar i Stranda Mållag Anders Folkestad delte òg ut blomer til prisvinnaren.