Banktenestene i Post i butikk vert borte

Slutt på banktenestene frå 1. juli

Illustrasjonsfoto  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Frå 1. juli blir det ikkje lenger mogleg å ta kontantar ut og inn frå kontoar i DNB på postkontor eller Post i butikk, melder Posten Norge AS i ei pressemelding måndag.

- Vi syns det er synd at det ikkje har vore mogleg å få til ei ny avtale om banktenester i postnettet. Vi er redd for at kundar ikkje får dekt sine behov for banktenester, seier konserndirektør Christian Brandt i Posten.

Avtalen om banktenester mellom DNB og Posten gjekk opphaveleg ut 1. januar, men det vart då oppnådd ei overgangsordning. No er avviklingsdatoen sett til 1. juli.

Posten har plikt til å tilby banktenester i landpostnettet, og er i dialog med myndigheitene om dette. Ut 2020 vil banktenester gjennom DNB vere mogleg som tidlegare hjå landpostbuda, melder Posten.