Reguleringslagra er tomme

Stor auke i salet av sauekjøt etter «Matsjokket»

Nyhende

Frå NRK-programmet «Matsjokket» vart sendt i slutten av oktober og til 1. februar auka salet av saueprodukt hos Norgesgruppen med nesten 100.000 kilo.

– Sauekjøt har hatt ei fin utvikling hos oss etter Matsjokket. I perioden frå programmet blei sendt og fram til 1. februar auka salet av reine produkt av sauekjøt, inkludert for eksempel fenalår, med 92 prosent samanlikna med same periode i fjor, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen til Nationen.

Også Rema 1000 kan rapportere om auke i salet. Ifølgje kommunikasjonsrådgivar Torkel Fjørtoft, selde Rema 37 tonn fårefilet og hadde ei stor auke i fenalår av sau dei siste ti vekene av fjoråret.

Serien Matsjokket besøkte eitt av Nortura sine fryselager. På det tidspunktet hadde Nortura rundt 20 tusen sau lagra på fryselager.

I desember kom beskjeden om at reguleringslagera for sau var tomme.