Straum i Geiranger

-Minikraftverk realistisk løysing

To minikraftverk siglar opp som det mest realistiske alternativet for å få nok rein energi til Geiranger. El-tilførselen i dag er kritisk låg, og ein kan ikkje tilfredsstille auka etterspørsel frå m.a. el-bilar og bussar.

Tafjord kraft skal om kort tid presentere konsekvensar for utbygging av minikraftverk i Geiranger. Størst konsekvensar blir det for Flydalsjuvet.  Foto: Tafjord

Nyhende

-Vi arbeider no med illustrasjonar som skal syne vassføring og verknadene i naturen ved å byggje to minikraftverk, Flydal Kraftverk og Geiranger Kraftverk under Storfossen. Vassføringa langs Storfossen blir lite påverka, men det blir merkbar mindre vassføring i Flydalsjuvet. Eg kan garantere hundre prosent at det ikkje blir sår etter inngrep i naturen. Vi vil presentere planane i eit folkemøte, men tida for dette møtet er ikkje bestemt. Dersom vi skal få igjennom dette, må også folket i Stranda og Geiranger gå i spissen for å endre stortingsvedtak om verna område, seier Stig Falling, som er Direktør for Vannkraft i Tafjord.